Lomsk såmaskin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lomsk såmaskin
Foto: Arnfinn Kjelland

Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet.

Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797.

Dei første utgåvene av maskina skal ha hatt ei tinderad, meier framme og rull bak. Da måtte ein køyre to gonger over åkeren for å få sådd tilfredsstillande. Seinare fekk ho to og tre tinderader og to hjul framme.

Hallvor Johannesson f. på 1813 på Sygard Synstnes, gift til Søre Glømsdal i Bøverdalen emigrerte til Amerika i 1859. Ifølgje Kleiven lærte han å smi mm. av Vass-Per, og i Amerika «går det ordet at han fann opp den amerikanske rad-såmaskina».

Etter Nils Ødegaard skal såmaskina ha vore alminneleg utbreidd i Norddalen, Indre Sogn og ein del andre bygdelag kring Jotunheimen i 1820- og 1830-åra. På 1860-talet kjøpte mange gardbrukarar i sjølve Gudbrandsdalen, Valdres, Voss og fleire andre fjellbygder den lomske radsåmaskina. På flatbygdene kunne ikkje såmaskina tevle med dei engelske radsåmaskinene, som vart tekne i bruk frå 1860-talet.

Litteratur

  • Bygdabok for Lom bd. 3 s. 211 og bd 4 s. 38.
  • Hosar, Hans P. 1998: Skjåk bygdebok. Band 3. Historia 1797-1914. Skjåk kommune s. 145f.
  • Kleiven, Ivar 1915: Lom og Skjaak. Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Vågå s. 186ff.
  • Ødegaard, Nils: Landbruksboken, 1919 (sitert i Olsen, Svein Magne: Hesteredskap i norsk jordbruk, Landbruksforlaget 2005, s. 206).
  • Øygard, Rolv K. 1934: Vass-Per. Årbok for Dølaringen s. 122ff.