Lunde Meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunde Meieri.

Lunde Meieri blei starta i 1926 av interesserte gardbrukarar i den gamle Lunde kommune, noverande Nome. Den fyrste formannen ved meieriet var gardbrukar Halvor K. Skjellhaug.

Historikk

Dei fyrste åra vart meieriet drive som eit mjølkelag med sal av mjølk til byane. Interessa steig kring 1930, og det vart difor bygd meieri i nærleiken av Lunde stasjon, i det som i dag vert kalla Meierigata. Meieriets grunnflate var på 400 kvadratmeter.

I det nye meieriet fekk ein sett inn maskiner for kjerning og ysting, og ein gjekk meir og meir over til å produsere smør og ost. Snart var det smør- og osteproduksjonen meieriet vart kjend for, og ein fekk fleire medaljer for produksjonen av desse varene. Meieriet omsatte produkta sine i Skien, Porsgrunn og Oslo.

I 1939 var mjølkemengda ved meieriet på heile 2 millionar kilo, og verksemda sysselsatte seks personar.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.