Lundevegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lundevegen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Stasjonsvegen ved Bø stasjon i sentrum, til kommunegrensa mot Nome ved Tjønnås, der han går over i Nordbygdavegen. Han er om lag 4,9 kilometer lang og ein del av fylkesveg 359. På Tjønnås kryssar vegen Eikjaelva på den 111 meter lange Åse bru. Frå stasjonsvegen til Tjønnåskrysset er det anlagt gang- og sykkelveg.
Vegen har namn etter bygda Lunde og blei namnsett i 1967.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart