Lunnende

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lunnende er ei nemning for tilliggjande rettar, føremonar og ekstra ressursar (utanom jorda, husa og husdyra) som kan vere knytte til ein jordeigedom. Det er det same som ligg i uttrykket «lutar og lunnar» eller «tilliggende herligheter», formuleringar som ein ofte finn i eldre skøyte og gardsbeskrivingar av ymse slag. Døme på lunnende er skog, ålmenningsrett, kverner, seterrett, fiskerett osv. Ordet lunnende kjem av norrønt hlunnendi = lette, bate, gode.[1]

Referansar

  1. Heggstad, Leiv: Gamalnorsk ordbok, Oslo 1930.

Eksterne lenkjer