Møbeltre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møbeltre AS vart etablert i 2001 som eit forsøk på ei vidareføring av Riksheim Trevare AS, som då hadde drive i fleire år med tap. Det var Håvar Tandstad og Odd Martin Riksheim som etablerte selskapet. Etter om lag seks månaders drift, kjøpte Tandstad ut Riksheim og dreiv bedrifta vidare i eigen regi. Bedrifta hadde då to tilsette inklusive eigaren.

Bedrifta sleit med økonomien den første tida, men etter at den største investeringa, ein ny CNC-fres, var på plass, kom økonomien gradvis i orden.

Overtok madrassprodusent

Etter drygt tre års drift, var det blitt for lite plass i dei tidlegare lokala til Riksheim Trevare, og bedrifta flytta i jula 2003 over til leigde lokale i Brunstad-fabrikken på Vik. Dei var no kome opp i 4 tilsette.

På Vik heldt veksten fram, og etter ca 3,5 års tid, vart det klart at plassen dei kunne leige hos Brunstad vart for liten, så bedrifta såg seg om etter ein ny plass å vere. Medan dei vurderte forskjellige alternativ, gjekk Stjernemadrassen AS i Straumgjerde konkurs, og Møbeltre kjøpte då opp konkursboet. Føremålet var å få tak i lokale til Møbeltre, men det endte opp med at Møbeltre tok over drifta i Stjernemadrassen også. Dette var i 2007.

Flytta til Straumgjerde

Med ein fulltidstilsett og to på deltid, klarte dei å få i gang igjen drifta av Stjernemadrassen på eit lågt, men bærekraftig nivå. Produksjonen var basert på skreddarsaum av spesialmadrasser.

Etter kvart som lokala i Straumgjerde vart tømte, vart drifta i Møbeltre også flytta inn til Straumgjerde. Møbeltre var då kome opp i åtte tilsette, og med dei tre i Stjernemadrassen, hadde bedrifta då til saman 11 tilsette og ca 10 årsverk.

Dei komande åra vart det arbeidd gradvis med å få på plass ordningar for å sikre vidare vekst i Møbeltre, i tillegg til å finne eit godt fundament for videre drift i Stjernemadrassen. I 2018 vart Breivik Trevare AS, som då var konkurs, kjøpt opp. Møbeltre tok over produksjonen av glassveggsystem for kontor og offentlege miljø. Denne produksjonen gjekk inn i den daglege drifta med nokre tilpasningar, og utgjorde i 2021 ca 5,5 millionar NOK av omsetninga i minikonsernet.

I 2022 hadde bedrifta 34 tilsette og ca 31 årsverk. I 2021 omsette Møbeltre/Stjernemadrassen for ca 38 millionar NOK. Det er Håvar Tandstad Holding AS som er morselskapet for Møbeltre AS og Stjernemadrassen AS.

Kjelder

  • Informasjonar frå bedriftsleiing og bedrifta sin heimeside.