Møre og Romsdal husflidslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre og Romsdal husflidslag blei stifta i 1986 og er tilslutta Norges Husflidslag. Organisasjonen at om lag 1500 medlemmer fordelt på 32 lokallag. Fylkeslaget har 11 husflidshandverkarar og fire husfliden-butikkar.

I Møre og Romsdal eksisterte det fram til 1986 tre separate fylkeslag, Sunnmøre Husflidslag, Nordmøre Husflidslag og Romsdal Husflids- og småindustrilag. Desse 3 laga vart i 1953 på oppmoding frå Norges Husflidslag bedne om å danne eitt fylkeslag eller ei fylkeshusflidsnemnd. Det var danna ei nemnd som bestod av 3 medlemmer med personlege varamenn, - ein frå kvart lag. Nemnda hadde som si viktigaste oppgåver å fordele det statlege tilskotet. I 1954 var tilskotet på kr 5500 som vart fordelt etter forholdet 3-2-2, med 3 delar til Sunnmøre og 2 delar til kvar av dei andre to laga.

I 1963 vart det danna eit fylkeshusflidslag til erstatning for fylkeshusflidsnemnda som vart vedtatt oppløyst i 1961. Dei 3 distriktslaga eksisterte parallelt med det nye laget, Møre og Romsdal Fylkeshusflidslag, som vedtok nye lover i tråd med normalvedtektene for fylkeshusflidslag.

I åra fram til 1979 arbeide fylkeshuslidslaget hovudssakleg med fordelinga av statstilskot, val av utsendingar til landsmøta og fylkesleiarmøta. I 1979 vart det for fyrste gong søkt om tilskot til vaksenopplæringskurs.

I 1980 kom det forslag frå Kristiansund Husflidslag om å slå saman dei 3 distriktslaga. Men distriktslaga på Sunnmøre og Nordmøre fann dette vanskeleg på grunn av studiearbeidet.

I 1985 vart det teke opp at ein ynskte å få ein eigen husflidskonsulent for fylket. Hittil hadde ein felles konsulent saman med begge trøndelagsfylka, og i 1986 vart det for fyrste gongen løyvd pengar til stillinga. Samstundes vart dei statleg midlane til fylkeslaga inndregne, og fylkeslaga måtte heretter bli sjølvfinansierande. Det vart difor vedteke å søke om økonomisk støtte til drift av laget og til sekretær hos fylkeskommunen. Fylkeslaget fekk eit tilskot kr 25.000.

I 1986 vart dei 3 distriktslaga lagt ned og i staden fekk ein eitt felles lag for fylket, Møre og Romsdal Fylkeshusflidslag. Det vart danna på eit konstituerande årsmøte 21.juni 1986. I § 1 i vedtektene for fylkeshusflidslaget heiter det: ”Møre og Romsdal Fylkeshusflidslag skal arbeide for å fremja god norsk husflid, kulturelt, sosialt og økonomisk.”

Lokallag

  • Aukra husflidslag
  • Averøy husflidslag
  • Eresfjord husflidslag
  • Frei husflidslag
  • Fræna husflidslag
  • Giske husflidslag
  • Haram husflidslag
  • Hareid og Ulstein husflidslag
  • Herøy og Sande husflidslag
  • Kristiansund husflidslag
  • Midsund husflidslag
  • Molde husflidslag
  • Måndalen husflidslag
  • Norddal husflidslag
  • Rauma husflidslag
  • Rindal husflidslag
  • Storfjord husflidslag
  • Straumsnes husflidslag
  • Sula husflidslag
  • Sunndal husflidslag
  • Surnadal husflidslag
  • Sykkylven husflidslag
  • Tingvoll husflidslag
  • Tustna husflidslag
  • Vanylven husflidslag
  • Vestnes husflidslag
  • Veøy husflidslag
  • Volda husflidslag
  • Ørskog husflidslag
  • Ørsta husflidslag
  • Ålesund husflidslag
  • Ålvundeid og Ålvundfjord husflidslag


Kjelde