MB Erling 2

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Til denne tid er det berre opplysningane frå fiskeriregisteret å bygge på. Der finn me båten i 1938 og 1973 med desse opplysningane.

I fiskeriregisteret 1938 ser me at Erling 2 var bygd i 1936. Der står ikkje kvar han var bygd så det må andre som har kjennskap til båten fortelje. Frå fiskeriregisteret: h. (havfiske), T (bygd i tre), 36 (år), 60,0/16,0/8,3 (lengde, breidde, djupne i fot) Wichmann 40 hk, 2 fangstbåtar. Eigar: Andr. M Kvalsund m. fl. Nerlandsøy. I fiskeriregisteret 1973 finn me at Erling 2 har vore ombygd i 1948. Tala fortel at her har båten vorte forlengd. L/Br/Dj er no 75,0/16,5/8,3. No er tonnasje med, br.49, nt. 14. Motor er Volda b.år 1958 150 hk Eigarar: P.L. Kopperstad mfl. 6098 Nerlandsøy. Dette skulle tyde at båten er forlengd 15 fot, det er litt i meste lag men legg også merke til at breidda har auka med ein halv fot.

Dette er det som er kjent så langt og då er det ynskjeleg at folk med lokalkunnskap kjem med andre opplysningar. Jostein Steinsvik har lagt ut ei lita historie på Facebook, då den alt er offenteleg dristar eg meg til å ta den med.

Jostein Steinsvik skriv.

Eg var på seifiske på Eggakanten januar - april 1975 på Erling 2. Det var då ein gammal og umoderne båt, med felleslugar for 5 mann framme og dobbellugar for kapteinen og "maskinisten" bak. Maskina var ei tosylindra Volda på 150 hk, som ikkje va for at ho stoppa. Men me tente faktisk like mykje pengar på dei månadene som mange av dei nye båtane, fordi mannskapslotten va prosentvis større (sa dei då, eg veit ikkje heilt) Sidan høyrde eg at han vert seld til Agder ein stad...Men dei sa at han var bygd i Høydalen, trur eg, i alle fall at han hadde vore forlenga der.. Kanskje nokon i Kopperstadslekta kan ha opplysningar...


Kjelde:Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster