MB Havlys II M 22 VA
MB «Havlys» II, M 22 VA kravellbygd i Hemnes i Rana i 1918 som kutter i granmaterial. I merkeregister for Volda 18.08.1920 har den desse måla på lengde/breidde/djupte i romet: 52 fot/15 fot 6 tomar/7 fot. Måla er endra utan dato til: 49 fot/16 fot 4 tomar/7 fot 5 tomar. I Register over merkepliktige norske fiskefarkostar er endringa med i 1924-utgåva.
Førebels fyrste informasjon er etter Ola Årsetøy f. 1892 som i minneskriv til 50-årsjubileum til Volda Mekaniske Verkstad skriv at i 1918 vart det bygd ny slipp for å setje fram MB Havlys II for å montere 25 HK 4-takts Volda-motor. At båten måtte på land fortel vel at det samtidig vart montert propellanlegg.
I 1920 i det nye merkeregisteret er motoren oppgitt til 35 HK. (Det kan vere feil i førebels kjend informasjon, men det er rimeleg å tenkje at 25 HK motor vart for liten og at der allereide var sett inn større motor av dei nye 2-taktarane). Farkosten er i bruk til dette : Skrei og drivgarnsfiske og snurpenotfiske (snurpenot på denne tid ???, dette er tidleg i norsk fiskeri) ved kysten.
Eigarane i 1920 er: Hjalmar Olsen, A. Steinsvik, Johs. Lid og R. L. Høidal, alle Volda.
Årsskiftet 1925/1926 vert båten seld til Rolf K. og Knut R. Sundgot, Ulsteinvik.
Startstykkeskrivaren oppfordrar folk som kjenner båten si historie om å delta med informasjon om båten sitt liv og bruksområde. Sjå biletet, dette må ha vore ein stor og flott fiskebåt i 1918 og i fyrste åra av brukstida.
Kjelder
- https://media.digitalarkivet.no/view/111200/28 Merkeregister for Volda
- Litt av soga til A/S Volda Mek. Verksted, Volda. Av: Ola Årsetøy. Nedskrive i juli/august 1955.
- Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
- Register over merkepliktige norske fiskefarkostar
Informantar
- Sundalskleiv, Odd
- Oddvar E. Høydalsvik f. 1951