Margit Nilsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bunadtilverkaren Margit Nilsen frå Morgedal
Foto: Anne Brit Borgen

Margit Nilsen (fødd 7.august 1936Skare i Morgedal) kan sjå tilbake på eit langt liv med bunadar og rosesaum. Ho har drive med påteikning, sauming og montering i ei årrekke, og er fortsatt aktiv i faget.

Hennar foreldre var Kristi Olavsdotter Haugann (1911 - 2002) og Gunnar Johansson Sollid (1909 - 1983). Etter vanleg skulegang gjekk ho eitt år på Sagavoll folkehøgskule. Ho blei gift tidleg med Kåre Gunnar Nilsen frå Akershus, og fekk fem barn i perioden 1954-1970. Ho blei enke i 1991.

Margit har vore opptatt av bunadar frå ho var ung. Ho byrja på kurs i påteikning av bunadar hos Aslaug Råmunddal, og fekk nokre mønster av ho. Seinare fekk ho mange mønster frå tantene sine, Signe Håtveit og Anne Håtveit. Etter kvart fekk ho alle mønster etter den første læraren sin, Aslaug Råmunddal.

Margit har teikna på bunadar frå 1967, men det er fyrst i 1990 og 1996 ho har hatt mykje å gjere. Då blei ho tilsett av Sverre Ruud manufaktur og Stoffbua, for å teikne på. Ho kan ikkje hugse kor mange bunadar, skjorteliner, kuftebesetningar o.a. ho har teikna på gjennom åra. Rosene har ho teikna inn i ein stor protokoll, og ho registrerer framleis roser i denne. Ho er soleis ein viktig tradisjonsberar som tek vare på rosemønster frå gamle tekstilar. Desse får ho tilgong til gjennom bunadar o.a. som er kjøpt på auksjonar, og av kundar som ynskjer å restaurere gamle drakter som er i deira eige. Nokre bunadmønster i familieeige gjev ho ikkje frå seg utan vidare.

Skarsrosa er ei slik rose. Den blei utarbeidd av Signe eller Anne Håtveit etter ein vott som blei funne på Skare.

Margit Nilsen har brodera mange bunadar og skjorter gjennom tida. 20 kvinnebunadar og 2 herrebunadar bare til familien. Bunadmonteringa lærde ho av Sigrid Gjersund (g. Aasland) frå Morgedal, no busett i Tinn. Ho syr ikkje så mykje lenger, men er framleis aktiv med påteikning. Påteikning vil etter kvart bli utførd på Skare gard i Morgedal.

Kjelder

  • Samtaler med Margit Nilsen og dotter hennar, Kristi Skare. Kviteseid 2017.

Eksterne lenker