Margrete Alexandersdotter av Skottland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Margrete Alexandersdotter av Skottland (fødd 28. februar 1261 i England, død 9. april 1283 i Bergen) var dronning av Noreg frå 1281 til sin død i barselseng to år seinare.

Ho var dotter av kong Alexander III av Skottland (1241–1286) og dronning Margrete (1240–1275).

I 1281, då ho var tjue år gamal, kom ho til Bergen for å gifte seg med Eirik II Magnusson. Da dei vart gift, omkring 1. september 1281, var han berre tretten år gamal. Det var eit politisk ekteskap, som skulle skape nye band mellom Noreg og Skottland etter at det sidan 1260-åra hadde vore store motsetningar mellom rika. Festemålet vart inngått i 1280. Ifølgje ei skotsk krønike var ho mot ekteskapet, men faren tvang sin vilje gjennom. Ved bryllaupet i Bergen vart ho krona til dronning av erkebiskop Jon Raude, med både geistlege og verdslege stormenn til stades. Margrete hadde òg med seg eit følgje av skotske stormenn.

Ekteskapstraktaten vart inngått i Roxburgh den 25. juli 1281. Medgifta vart sett til 14 000 mark sterling. Av dette var helvta betalt som inntekter frå jordegods i Skottland, noko som skulle føre til ei langvarig strid mellom Noreg og Skottland om utbetalingane. Som morgongåve fekk ho jordegodsinntekt av 1400 markebol. Traktaten hadde òg med ein paragraf om at Margrete og hennar framtidige barn med Eirik hadde full arverett til den skotske trona og dei kongelege eigedomane, om Alexander III skulle døy utan nærare arvingar.

Ein kan godt skjøne at ho var skeptisk til å gifte seg med ein guttunge, for sjølv var ho moden og kultivert. Eirik sin låge alder førte òg til at enkedronning Ingeborg Eiriksdotter hadde in del å si ved hoffet. Ho skal ifølgje ei skotsk krønike ha vore imot at Margrete vart krona. Ei anna skotsk krønike fortel at det fall på Margaret å freiste å kultivere ektemannen ved å lære han engelsk og fransk, og ved å lære han manerar.

Om Eirik var ung, var han vaksen nok til å fullbyrde ekteskapet. I april 1283 fødte Margrete sitt einaste barn, som òg fekk namnet Margrete, og ho døydde i barselseng. Ho vart gravlagd i Kristkyrkja i Bergen.

Men historia er ikkje heilt over for hennar del, for som nemnd vart det ein langvarig strid knytt til ekteskapet. Som nemnd hadde barna hennar arverett til den skotske trona. Dette var frå skotsk side meint som ei sikring, men då Alexander III døydde i 1286 hadde han ikkje nærare arvingar. Dermed vart Margrete Eiriksdotter rettmessig arving, og i 1289 vart ho godkjend som skotsk dronning. Ho levde berre eit år til. Eirik Magnusson vart i 1293 gift på ny, med Isabella Bruce.

Margaret vart minna i folkevisa «Kong Eirik og Hugaljod». Ein versjon med 38 strofar er nok frå 1300-talet, men ein rekner med at ho kan gå attende til ei vise skriven omkring bryllaupet.

Litteratur og kjelder