Margreth Olin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Margreth Olin, eigentleg Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970 i Stranda kommune) er regissør og manusforfattar. Ho er særlig kjend som dokumentarfilmskapar, og har vunne fleire prisar for sitt arbeid.

Olin studerte ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda, og debuterte med eksamensfilmen I kjærleikens hus i 1995. Den første heilaftens dokumentarfilmen, Dei mjuke hendene, hadde kinopremier i 1998 og innkasserte mellom anna Amandaprisen. Den første fiksjonsfilmen, De 7 dødssyndene, kom i 2000. Sjølv om ho allereie då hadde etablert seg som filmskapar, var det med dokumentaren Kroppen min frå 2002 at ho verkelig fekk eit gjennombrot. Denne filmen fekk ho Amandaprisen og fleire andre priser for. Ungdommens råskap frå 2006 vart sett av nesten 60 000 på norske kinoer.

Ho tok i 2006 initiativ til opprette Nestekjærlighet-aksjonen. Etter at den hadde ligge brakk ei tid, dro ho i 2008 i gang aksjonen att i protest mot innstramming i asylpolitikken. Magasinet Ny Tid kåra henne det året til Årets nordmann.

Spelefilmdebuten kom først i 2009 med Engelen. I 2016 kom dokumentaren Mannen fra Snåsa, som med kring 170 000 solgde billettar er den nest mest besøkte dokumentarfilmen på norsk kino.

Bland prisane, i tillegg til Amanda-prisane som er nemnd allereie, kan vi nemne Gullruten for beste fjernsynsdokumentar (2004), Livsvernprisen (2008), YS' likestillingspris (2009), Amnestyprisen (2010), Edith Carlmarprisen (2012), Annette Thommessens minnepris (2012) og Arne Sjouens ærespris (2013).

Litteratur og kjelder