Markane krins
Markane krins er ein skulekrins i Stryn kommune krinsen dekka Nordmarkene i gamle Stryn kommune, det vil sei gardane Svingeset, Fænn, Dybevold, Inigard Maruset, Hatledal, Dale og Kroken. I 1867 vart krinsen slegen saman med Bergsida krins og gjekk under namnet Markane og Bergsida krins. I 1870 vart Markane og Bergsida på ny skilde.
Markane skule hadde omgangsskule til 1929. Etter det heldt dei skule i ungdomshuset Skogstjerna. Frå skuleåret 1950/51 gjekk elevane frå Sørmarkene (gamle Innvik kommune) også på skule i Skogstjerna ungdomshus. Stryn og Innvik kommunar samarbeidde såleis om skulen fram til kommunesamanslåinga i 1965.
Skulehus
Frå 1930 vart det halde skule på ungdomshuset Skogstjerna. Etter kvart vart det sett opp brakker bak ungdomshuset for å huse fleire klasserom og lærarrom. Markane skule vart lagt ned sommaren 1996, og elevane vart overførde til Tonning krins.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Lien | P. | 1870 | 1891 | 1897 | Stord seminar | Også lærar i Bergsida krins
|
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Innvik (1891-1895, 1896-1900) og Stryn (1891-1895, 1896-1900)