Maskinservice

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Maskinservice AS er ei maskinforretning i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1972 av Kåre Melseth og Andor Løseth. Kåre Melseth hadde då lenge drive eit liknande firma åleine. Maskinservice fekk leige lokale i den tidlegare Viko Konfeksjonsfabrikk. I 1975 kjøpte firmaet Platebaren og dreiv også denne forretninga, til 1979.

Maskinservice har drive med sal og service av elektrisk utstyr av ymse slag, dessutan plenklipparar og påhengsmotorar. Viktigast har likevel utstyr til skogbruket vore. Maskinservice var i mange år eit av dei selskapa som selde mest motorsager i heile fylket.

I 1980-åra flytte verksemda til nye lokale i Vik, der ho framleis held til i 2015.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.