Meldal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Meldal kyrkje
Meldal kirkje.jpg
Foto: Morten Dreier (2008).
Byggeår: 1651 / 1988
Kyrkjegard: Meldal kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Nidaros
Prosti: Orkdal
Prestegjeld: Meldal
Fellesråd: Meldal
Sokn: Meldal
Arkitekt: 1651: Ole Jonsson Hindrum
1988: John Mosand
Materiale: Tømmer
Preikestol: Johan Rokkones, omkr. 1988.
Altartavle: Johan Rokkones, omkr. 1988.
Sitteplassar: 400

Meldal kyrkje er ei langkyrkje i tre i Meldal kommune. Ho vart reist i 1988 etter at ei kyrkje frå 1651 på same staden brann ned 16. juni 1981.

Den eldre kyrkja vart oppført av Ole Jonsson Hindrum, som også sto bak fleire andre kyrkjer i Trøndelag. Kyrkja hadde ei altartavle av Johan Contrafeier.

Dagens kyrkje, som vart teikna av John Mosand, er bygt som ein kopi av gamlekyrkja, med interiør i barokk stil. Altartavla og preikestolen er av Johan Rokkones.

Kjelder