Melland fort

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Melland fort er eit tysk kystfort frå andre verdskrigen bygd i 1944. Fortet var ein del av Festung Norwegen, og er lokalisert ved Melland/Finnset i Aure kommune. Anlegget vart bygd med bakgrunn i fleire attentat mot små, isolerte fort (m.a. i Måløy). Målet var å halda oppsyn med Trondheimsleia. Det tyske namnet på fortet var Stützpunkt Melland (Støttepunkt Melland).

Teknisk informasjon

Støttepunktet bestod av jernbane frå Drageidet til festningsanlegget (ca. 6 km), 8 kanonstillingar fordelt på to batteri (med tilhøyrande bunkerar i stein), fleire luftvernstillingar og ein del hus (m.a. lasarett og soldatheim). Anlegget vart bygd i skogs-og myrterreng.

Fortet i dag

Etter krigen vart batteria fjerna, men det er framleis mange synlege spor i terrenget etter kanonstillingar, jernbane m.m. I dag er fortet mykje bruka som friluftsområde. Det har vore arrangert fleire dugnader ved fortet. Resultatet av dette er m.a. veg for rullestolbrukarar, rasteplass og museum.

Kjelder og linkar

  • Kiplesund, Kenneth:Melland fort, Kulturminneatlaset Sist vitja: 23.04.12
  • Melland forts venner: Melland Forts Venner, Melland Forts Venner Sist vitja: 23.04.12
  • Minneskrift for Aure og Stemshaug. Krigsåra 1940-1945. 1995

Sjå også