Mil Auto
Mil Auto blei starta av Olaf Østbø i 1928.[1] Bensinstasjonen låg i Bøgata 33 (gnr. 53/11, «Ytterbø») i Bø i Telemark.
Historikk
Olaf Østbø kjøpte Ytterbø (Bøgata 33) og Huseby (Bøgata 35) i 1928.[2] Olav var fødd på Østbø (Gnr. 53/2) og hadde gjenge handelsskule i Skien. Han hadde tidlegare arbeida som handelsbetjent for Olav Kåsa på Hørte og deretter for Midtbygda Handelslag. Olav tok no til med eigen butikk som han dreiv fram til 1939. Attmed forretninga dreiv han heile tida bensinstasjonen.[3] Det var oljeselskapet MIL som hadde leita etter ein forhandlar i Bø, og dei hadde vendt seg til Olav Østbø som hadde vore positiv til tanken. Mil Auto vart slik starta opp samstundes som forretninga i 1928.[4]
I 1940/1941 opna Østbø ein verkstad i lag med Hans Glenna i eit tilbygg som vart satt opp bak forretninga i 1942. Østbø dreiv verkstaden åleine (utanom dei to fyrste åra) fram til om lag 1956, og han utførte reparasjonar på både bilar og motorsyklar. Halvor Kleiva og Halvor Moland leigde etter dette verkstaden ein tre års tid.[5]
Bensinstasjonen solgte bensin, olje, bilrekvisita og bildelar. Mil Auto sysselsatte fem personar.[6]
I 1958 flytta bensinstasjonen over gata der ein ny BP-stasjon vart bygd. Frå 1972 vart denne drive av sonen til Olaf Østbø, Håvard Østbø.[7] Gunnar Mæland overtok stasjonen i 1985, og den vart omgjort til ein Statoil-stasjon.[8] I 2016 vart den omgjort til Circle K-stasjon.
Kjelder
- Henneseid, Stian, Bø-soga II, Telemark, Gards- og ættesoga, band 1, Bø kommune, 1982. Digital utgåve på bokhylla.
- Mæland, Ivar, Bø tè tusen - gata i hondre, Bø, 1999.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen. 1949.