Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje er reist til minne om dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall i kamp under 2. verdskrigen. Steinen vart sett opp i samband med frigjeringsjubileet i 1995, og er lokalisert i nærleiken av Stemshaug kyrkje.
Kort om dei omkomne
Dei som står omtala på steinen, er:
Lars K. Lesund (1918-1940). Lesund høyrde inn under Trønderbataljonen. Han fall under kampane ved Gratangen 25. april 1940.
Hermann Aarvåg (1910-1940). Aarvåg omkom under kampar ved Kongsvinger 17. april 1940.
Kjelder og linkar
- Div. forfattarar: Minneskrift for Aure og Stemshaug. Krigsåra 1940-1945. 1995
- Kiplesund, Kenneth: Minnestein over falne ved Stemshaug kyrkje, Kulturminneatlas