Mo skule (Vegårshei)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mo skule var ein folkeskule på Haukenes i Vegårshei kommune. Dette var ein krinseskule for den nordaustlege delen av Vegårshei, til dømes Mo, Haukenes, Rommundstad og Øya. Skulen blei bygd i 1896 av byggmeistar Anders Haukestøl (Torp). Det er eit lite tømra klasserom på 36 kvm og eit tilbygg som skulle vere lærarbustaden. Krinsen måtte sjølv betale for skulehuset og blei sittjande med gjelda i 20 år. Då søkte dei heradet om pengar til å nedbetale restgjelda på 200 kroner, men dei fekk avslag.

Den fyrste læraren var Knut Lunden frå Gjerstad, som au hadde vore omgangskulelærar sida 1880. Foreldra måtte betale for skulebøker og kladdebøker. Nokre sleit med å betale, sjølv om ei skrivebok berre kosta 10 øre. I den tida som Knut var lærar, var det berre å komme brenntidleg, så fekk du låne bøker av han, og kunne gjere leksene før skulen begynte. Knut Lunden var lærar i 45 år og slutta i 1925.

Då lærarposten blei utlyst, var det 125 som søkte jobben, og det var Gudveig Mundal som fekk han. Ho var frå Sogn og blei verande på Haukenes i 35 år. Gudveig var svært musikalsk, dreiv barnekor og var lenge organist i Vegårshei kyrkje. Då ho slutta i 1960, hadde det på 80 år berre vore to lærarar på skulen. Toralf Sollid blei tilsett som lærar i 1960 og ved skulen i to år, før han i 1962 blei sentralisert til Myra.

Historier frå Mo skule

Gudveig Mundal gjorde ikkje forskjell på elevane, ho gav alle same karakter.[1]

Gudrun Grasaasen var handarbeidslærar på Haukenes. Når elevane hadde gjort noko galent, blei ho så lei seg at ho grein og sa: «Å e de du har gjort noke». Ungane lo bak ryggen på ho. Andre gongar når elevane bråka, så sa ho at «Me er ikkje på Nordheia nå». (Nordheia er heia som ligg heilt nord på Vegårshei).

Referansar

  1. Henta frå bladet De e Ogoskli, som blir utgjeve av Vegårshei mållag.

Kjelder

Eksterne ressursar