Modalen kommune
Modalen kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4629 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Mo |
Areal | 411.99 km² |
Areal land | 382.05 km² |
Areal vann | 29.94 km² |
Folketall | 380 (2018) |
Grunnlagt | 1909 |
Fradeling(er) | 1964: Eksingedalen sokn til Vaksdal og område i vest til Lindås |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Modalen kommunehus. Foto: Jan-Tore Egge
|
Modalen kommune ligg i Nordhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Høyanger i nord, Vik i aust, Vaksdal i sør og Alver og Masfjorden i vest. Administrasjonssenteret er Mo. Det er ingen tettstader i kommunen, som er den nest minste i landet etter folketal med berre 380 innbyggjarar i 2018.
Kommunen vart skipa i 1909, då han vart skilt ut frå Hosanger. Dei noverande grensene er frå 1964. Eksingedalen vart då overført til Vaksdal, medan Romarheimsdalen vart lagt til Lindås kommune.
Jordbruket, og særleg husdyrhald, var tidlegare viktigaste næringsveg i Modalen. Etter utbygging av Modalselva, med maskinkapasitet på omkring 195 MW, har kommunen hatt store kraftinntektar. Kommunen har satsa sterkt på IKT, og var den første i landet med breiband til alle husstandar og føretak. Små føretak i IKT-sektoren står i dag for dei fleste arbeidsplassane. Det er noko industri i kommunen; sand- og grusdrift og betongindustri.
Kjelder og litteratur
Eksterne lenker
|