Moheim Revegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moheim Revegard
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949

Moheim Revegard låg like ved Treungen stasjon i Nissedal kommune. Revegarden vart starta av Andreas O. Tveit i 1935. Han hadde drive reveavl sidan 1929.

I 1942 kjøpte Tveit ei blå revetispe som på fire år fekk 44 kvalpar som alle levde opp. Ho vart ættemora til alle avlstispene i revegarden. Revane gjorde det godt i konkurranse ved utstillingane dei neste åra:

  • 1943: fire 1. premiar, ein 2. premie og ein 3. premie.
  • 1945: elleve 1. premiar, tolv 2. premiar og elleve 3. premiar. Tveit fekk også ærespris og diplom ved utstillinga i Seljord.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.