Molte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Molte (på bokmål også multe, latin Rubus chamaemorus) er ei bærplante i slekta Rubus. Frukta, som er ein samansett steinfrukt, er bleikgul, saftig og velsmakande. Planta er mellom fem og tjue centimeter høg, og har enkle, kvite blomar. Molter finst særleg på kalkfattig torvgrunn, som ein finn mest i myrområde. Dei veks i heile Noreg, men i størst mengd finn ein dei i Nord-Noreg.

Frukta inneheld vitamin C, og molter har vore nytta som middel mot skjørbuk. Blada har i folkemedisin vore nytta mot diaré.

Muter og skrubbær funnet i Kongsfjord, Berlevåg.
Foto: Hanna Marie Resvoll-Holmsen (1909).

Molter er det einaste unntaket frå retten til fritt å plukke bær på annan manns eigedom.[1] I Nordland, Troms og Finnmark kan grunneigarar gje forbod mot å ta med seg molter, men det er lov å ete dei på staden i rimelege mengder.

Finnmark har molte som fylkesblomst, og Nesseby kommune har molte i kommunevåpenet.

Referanser

  1. Sjå friluftsloven § 9.

Kjelder