Munnharpe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folke Bjørgulvsson Nesland frå Bykle spelar munnharpe.
Foto: Setesdølen
Munnharpeskulpturen i Valle i Setesdal.
Foto: Siri Johannessen (2010).

Munnharpe er eit musikkinstrument forma som ei ramme med ei svingbar ståltunge. Ramma pressast mot tennene, og ein lager lyd ved å slå an ståltunga. Ein endrar resonans ved å lee på lepper og kinn. Munnharpa gjer berre ei tone, men ved å endre resonans kan ein få fram andre overtonar, å såleis spele melodiar i tillegg til å nytte ho som eit rytmeinstrument.

Instrumentet er av asiatisk opphav, og er minst to tusen år gamalt. I Europa kjenner ein berre munnharper med metallramme, men i Asia finst det variantar av bambus, tre, horn, bein og metall.

Munnharpa har blitt nytta mykje i norsk folkemusikk. På 1800-talet blei ho til dels erstatta av munnspelet, men seinare har mange tatt opp munnharpa att.

I Valle i Setesdal finn ein den største munnharpa i verda, ein skulptur som var kommunen sin tusenårsstad.

Litteratur