Myklebust krins (Gloppen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Myklebust krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen dekka frå først av heile Myklebustdalen frå Torheim og inn til Myklebust. Frå først av var skulestaden inst i dalen, på Kapperstad. Kring 1890 var storparten av elevane frå Sandal, yst i dalen. Då tok foreldra frå Sandalen saken ei eigne hender og flytta skulehuset til Sandal utan løyve. Dette vart gjort seint på hausten og Sandal vart ny skulestad i krinsen. Ved århundreskiftet vart etter kvart elevtalet i Myklebust så stort at Myklebust krins vart delt i to: Myklebust krins og Sandal krins. I 1967 var Sandal og Myklebust krinsar på ny slege saman til ein krins. Skulestaden var då Myklebust. Hausten 1969 var Myklebust krins nedlagt, og elevane vart sendt til skulane på Hole og Bergheim fram til den nye skulen på Byrkjelo opna i 1970.

Skulehus

Myklebust skule (1)

  • Byggeår: 1867
  • Fungerte som skule: 1890
  • Anna bruksområde: Skulen vart flytta til Sandal og sett opp att der. Huset vart seinare kjøpt opp av private og flytta innafør elva. Brukt som feriehus.

Myklebust skule (2)

Første åra etter at Myklebust på ny vart skulestad var skulen halde i leigde stover. Først i stova på Olatunet, då den vart riven, i fleire stover. Siste åra før dei fekk nytt skulehus vart skulen halden i bestestova i Ingard.

  • Byggeår: 1926
  • Fungerte som skule: 1926-1969
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Myklebust krins og Sandal krins, delte på læraren og hadde skule annankvar dag.

Skulevegen

Det er 5 km frå Sandal og inn på Kapperstad der skulen stod frå 1867 til 1890. Det gjekk ofte fare for at "Nesafonna" skulle rase. Då kjørde foreldra frå Sandal ungane sine inn og henta dei att med hest kvar dag. I frå 1890 vart rollene bytta og ungane frå Myklebust måtte gå den rasfarlege skulevegen. Dorte Myklebust Strømmen (f.1911) gjekk frå Myklebust til Sandal frå ho var 6 år gammal. Første året hadde ho følgje med to elevar som gjekk siste året, ein vinter seinare var det dei berre to små jenter, Dorte og ei yngre syster. Ein gut frå Myklebust hadde så svak helse at legen nekta han å reise på skulen. Om vinteren var Dorte og dei andre elevane ofte kjørt til skulen, men dei måtte komme seg heim att sjølv. Når været var på sitt verste vinterstid hende det at elevane frå Myklebust laut overnatte hjå slektningar eller klassekameratar.

Dagfinn Sandal (f.1901), var lærar i Myklebustdalen frå 1943-1970. Han pendla annankvar dag mellom skulane medan Dagfinn Sandal var lærar (1943-1970).

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Bogstad Nils R. Myklebust 1845
Reed Gabriel Myklebust 1890 1919
Bogstad Ingolf 1919 1943
Sandal Dagfinn Myklebust skule, Sandal skule, Byrkjelo skule 1943 1970
Myklebust Kristi Myklebust
Skram Karoline Myklebust
Hunskaar Arne Bjørnarheim skule, Myklebust skule og Sandal skule

Foto

Kjelder og litteratur

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.


Koordinater: 61.714731° N 6.616624° Ø