Myrbøenvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Myrbøenvegen sett vestover frå vegen Kvambekkheii.
Foto: Roy Olsen (2021).
Myrbøenvegen i Åmotsdal i Seljord kommune går frå vegen Kvambekkheii og nordover, opp til dei to fjellgardane Myrbøen (gnr. 148/1) og Myrbøen (gnr. 148/2) vest for Høgenut. Han er 1,8 kilometer lang og endar på ca. 810 moh. Om lag halvveges ligg Nilsrud hyttegrend.
Vegen har namn etter Myrbøengardane og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.