N. Roald & Co. Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

N. Roald & Co. Møbelverksted var ein mindre møbelprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Nils Roald i 1942. Roald fekk med seg to mann på eigarsida frå starten, det var sambygdingen Sverre Aure og Johan Myklebust frå Stadlandet. Etter nokre år sat Nils Roald att med eigaransvaret åleine.

Avsetnaden på dei overstoppa lenestolane frå verksemda var god, og det tok ikkje lang tid før det vart for trongt i Jan-kjellaren på Aure-garden. Difor tok dei i bruk to kjellarar til, i Bakkegarden på Aure og i eit hus på Eidem. Fram til midt i femtiåra gav verksemda arbeid til seks-sju personar.

Etter nokre leie tap på kundar som gjekk konkurs, fann Roald det tryggast å legge ned bedrifta i 1958.

Kjelde