NEG 42 Tau

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG 42»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 42 Tau er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Reip og tau - reip. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut i samanheng med og utfyller NEG 41 Reip.

Introduksjon til spørjelista

Med spørjelistene nr 41 og 42 vil vi freista få eit oversyn over dei ymse slag tau og reip som har vore nytta på bygdene i eldre tid, og måten desse vart laga på. Vi vil òg gjerne få vita kva verd reipslåinga hadde for det økonomiske og sosiale livet i bygda og korleis den viser seg i rettsregler og sedvanar.

Av praktiske grunnar har vi delt spørsmåla på to lister. Om delingsmåten sjå side 2. Sakleg grensar emnet på eine sida mot vidjer, spenningar og liknande former for feste og bende, på andre sida mot dei ymse former for tråd til veving, strikking og saum.

Vi går ut frå materialet og tar funksjonen (bruken) med i den mon det fell naturleg. Det vil seinare koma ei liste som går ut frå funksjonen og tar med dei feste og bende som vi ikkje kan få med her (t. d. fiskesnøre). Med denne lista vil vi likevel gjerne få greie på om det er materialet eller funksjonen som er grunnlaget for dei ulike namn og nemningar på dette området. Difor tar vi til med:

Brukt i publikasjonar

Sjå også

Eksterne lenker

  • Tau (ekstern lenke til spørjelista)