NEG S5 Vogga
NEG S5 Vogga er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1952 med tittel Vogga. Utsendar var sannsynlegivs nokon i USA og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.
Introduksjon til spørjelista
Med denne vesle emnelista setter vi fram visse spørsmål om barnevogga, som vi ynskjer opplysning om. Vi ventar ikkje ei heil utgreiing om alt som vedkjem vogga. Det lyt vi koma attende til ein annan gong. Denne gongen gjeld det berre desse spørsmåla: 1) Korleis er den eldste voggetypen som er kjent i bygda? Har De høyrt gjete vogger som var hula ut av tre?
2) Har det vore bruk å leggja nyfødde barn i dryftetroget?
3) Kjenner De til at ordet lur kan tyda vogge? I så fall vil vi gjerne vita korleis vogga med det namnet var laga, t.d. om ho hadde meier eller om ho var ei hengevogge, hengt opp etter tog eller ler-reimar
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Vogga (ekstern lenke til spørjelista)