Namn og Nemne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Namn og Nemne blir utgjeve av Norsk namnelag og er det einaste vitskaplege tidsskriftet for namnegransking i Noreg. Tidsskriftet byrja å koma i 1984 og kjem med eitt nummer kvart år. Til no er det kome 35 årgangar. I tidsskriftet blir det publisert namneartiklar av ulikt slag, både vitskaplege artiklar og artiklar av meir populærvitskapleg karakter. Her er artiklar om einskilde namneklassar, namnetolkingar, namngjeving, normering av namn, namneteoretiske spørsmål, etymologiske problemstillingar, busetjingshistorie og namn, namn og kulturhistorie osb. I tidsskriftet finst det namnefaglege diskusjonar og kommentarar til aktuelle namnespørsmål. Kvart hefte har òg meldingar av viktig norsk og nordisk namnelitteratur. Med jamne mellomrom kjem tidsskriftet med register over namn og namnelekkar som har vore omtala i tidlegare hefte, og hefta kan såleis nyttast til oppslag o.l.

Redaktørar for Namn og nemne har vori:

  • Ole-Jørgen Johannessen (1983–1996 og frå 2013)
  • Oddvar Nes (1983–2004)
  • Gunnstein Akselberg (1996–2012)
  • Kristoffer Kruken (1999–2009)
  • Inge Særheim (2010–2012)
  • Gudlaug Nedrelid (frå 2010)
  • Aud-Kirsti Pedersen (frå 2010)
  • Vidar Haslum (frå 2013)
  • Tom Schmidt (frå 2016).

Lenkjer