Naust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Naust på VinsternesErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Eit naust er eit båthus, sett opp nær vatnet for å ta vare på båtar. Det er òg vanleg å lagre fiskereiskapar og anna i naustet. Ordet kjem frå nava og sta, som tydar ‘skip’ og ‘stå’, eit hus der skipet eller båten står.

Nausttypar

Naust vert bygd med god lufting, så garn, liner og andre reiskapar kan tørke. Det finst tradisjonelt fire hovudtypar naust i Noreg: Steinnaust, tømmernaust, grindnaust og stavnaust. Ein kan óg finne kombinasjonar av teknikkane. Nye naust vert bygd med moderne teknikkar.

Steinnaust

Steinnaust er vanlege i område med knapp tilgang til tre. Tre av veggene er i steinmur, medan enden mot sjøen anten er open eller har ei tredør. Oppe på steinmuren er det ofte ei treramme som ber taksperrene.

Grindnaust

Vestlandet opp til Sunnmøre, og i mindre grad i grenseområda lengst sørvest i Romsdalen, har grindnaust vore vanlege. Grindverk krev mindre tre enn tømmernaust. Ei grind er to stavar som er så høge som naustet skal verte, samanbundne med ein tverrbete. Desse står etter kvarandre med nokre meters mellomrom. Ytterveggene vart oftast kledde med ståande bord. Taket var som regel torvtekt med sperrer, torv, never, tro, vindskier og torvvol.

Stavnaust

Nordafjells har stavnaust eller stavlinenaust vore ein del bruka. Grunnelementet i desse nausta var ei rekkje av stavar langs langveggene som var samanbundne med ein overliggjar langs toppen.

Tømmernaust

Tømmernaust vart ofte bygd inst i fjordane og andre stader der det er god tilgang til tømmer. Dei er grovt lafta, ein teknikk som gjev god gjennomlufting. Dei hadde sperretak eller kombinert ås- og sperretak, som regel med torvtekking.


Litteratur