Nesstranda krins
Nesstranda krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen bestod då av alle gardane frå Ytre Kandal til Indre Kandal. Under krinsdelinga kring 1890 vart krinsen delt mellom Kandal krins og Nesstranda krins. Nes og Ytre Kandal høyrte til Nesstrand krins. Mykland, Indre Kandal, Midtre Kandal og Skarstein høyrde til Kandal krins. I 1922 vart krinsane på ny slegne saman til Kandal krins.
Skulehus
Skarstein skule
- Byggeår: 1867
- Fungerte som skule: 1867-1925
- Anna bruksområde:
Etter krinsdelinga i 1890, låg Skarstein skule i utkanten av Kandal krins, og vart flytta til Indre Kandal. Etter at skulen på Skarstein vart flytta til Kandal krins, vart skulen i Nesstranda krins heldt i leigde skulerom på Nes. Lenge leigde krinsen skulerom med læraren Ingebrigt Næss i stova hans på Nes.
Skuledagen
Då det var to krinsar i Kandalen, hadde dei same lærar og gjekk på skule annankvar dag. Ragna Mykland f.1904 fortel at far hennar (Ingebrigt Næss) var lærar i Nesstrand og Kandal krinsar. I Nesstrand krins heldt læraren skule i si eiga stove. Det var skule mandag til laurdag, klokka 9-16 kvar dag. Det var samla skule den tida Ragna var skuleelev. Første timen var det kristendom for både småskulen og storskulen, då var det katekisma og bibelsoge med forklaring. Vidare hadde dei rekning og skriving kvar dag. Andre fag var Norgessoge, naturkunne og geografi. Lærebøkene måtte elevane halde sjølve.
Song i skulen
Skuledagen byrja alltid med Fader vår og ei salme. Om morgonen var det ofte "Lover Herren" av Elias Blix. Nå sluledagen var slutt song dei ofte "No soli bakom blåe fjell" av Blix,, eller "Fager kveldsol smiler" av Peter Hognestad. Ragna Mykland fortel at ho aldri har gløymt desse salmane sidan.
Leik og friminutt
Leikeplassen var ein potetåker utanfor huset. Vanlege leikar var "slå på ring", "fri mann i vinden" og "slå ball". Gutane prøvde seg på høgdehopp og springing.
Skulemat
Det var ein time middagskvil. Dei som budde nærast skulen, sprang heim og år middag. Dei andre hadde med niste som oftast var potetkaker, sveler eller skiver med gammalost, prim eller brunost. Dei hadde ofte flasker med mjølk.
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Reed d.e. | Gabriel | Høygardane skule, Nesstranda skule | 1865 | 1882 | |||
Rye | Mons | Høygardane, Nesstranda skule | 1882 | 1887 | |||
Henden | Gudbrand | Årdal skule, Førde skule | 1888 | 1894 | |||
Næss | Ingebrigt | Nessestranda skule, Kandal skule, Årdal skule, Førde skule Høygardane skule | 1894 | 1937 | Arbeidde som lærar til han var 75 år. |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.