Nils O. Dannemark (1886–1969)
Nils Olsen Dannemark (1886–1969) var gardbrukar i Sigdal. Han var fødd i Båseroa i øvre Sigdal. Foreldra hans var Ole O. Dannemark (1856–1927) og Else Marie Nilsdotter f. Gutterud (1861–1948), begge var frå Krødsherad. Dei dreiv den vesle garden Setra i Eidalsroa i øvre Sigdal frå dei kjøpte han i 1896 og fram til mannen døydde. Ole O. Dannemark var i tillegg til å vera gardbrukar snikkar og tømrar i Sigdal, og han var mangeårig medlem av heradsstyret.[1][2] Han var son av Ole N. Dannemark (1819–1874).[3]
Nils O. Dannemark fekk agronomutdanning på Sem landbruksskole i Asker frå 1905 til 1907.[4] Han arbeidde så som gardsarbeidar nokre år etter landbruksskolen og forpakta og styrte gardar fram til han og kona kjøpte ein av Bergan-gardane, gardsnummer 1, bruksnummer 4, i nedre Sigdal i 1924. Garden vert kalla Berganhagan.[5][6] Frå 18. februar 2022 er det eit av tippoldebarna deira som eig og driv garden.
Nils O. Dannemark var svært aktiv i lokalsamfunnet. Han sat i heradsstyret frå 1928 til 1937 og frå 1945 til 1951. I den siste bolken var han varaordførar og medlem av formannskapet. Han var innvald for Venstre. Han hadde òg ei rekkje andre kommunale tillitsverv, t.d. var han skjønns- og domsmann og medlem av styret for folkeboksamlinga. Han var også formann i styret for Kolsrud meieri frå 1939 til drifta vart innstilt i 1941. Han var revisor i Sigdal Sparebank frå 1934 og i over 20 år framover.[7]
I 1932 vart han leiar i Sigdal jordstyre og var leiar, sekretær og planleggjar fram til 1942. I 1945 vart han på ny sett inn i desse funksjonane og sat fram til 1955.[8] Han var leiar i Sigdal Landbrukslag i fire år.[7] I 1966 fekk han fekk Buskerud Landbruksselskaps sølvmedalje med diplom.[8][9]
Han vart gift med Ingeborg Olsdotter Mjøseng (1887–1969) i 1914. Dei hadde ei dotter og sju søner.[6]
Referansar
- ↑ T. Skatvedt (1914): Sigdal og Eggedal, s. 83. Kristiania: Grøndahl og Søns Boktrykkeri
- ↑ https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0621&kenr=008&bnr=0037
- ↑ Andreas Mørch (1974): Krødsherad.Bd. 1. Gard og slekt. Krødsherad kommune, s. 347
- ↑ Spreke bønder minnes skolegang på Sem i Asker for seksti år siden. Drammens Tidende og Buskeruds Blad, nr. 155, s. 2.
- ↑ 70 år. Drammens Tidende og Buskeruds Blad, februar 1956.
- ↑ 6,0 6,1 Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal bd. 2, s. 16.
- ↑ 7,0 7,1 75 år. Drammens Tidende og Buskeruds Blad , februar 1961
- ↑ 8,0 8,1 Landbruksselskapets medalje overrakt Nils O. Dannemark Drammens Tidende og Buskeruds Blad, 16. juli 1966
- ↑ Landbruksselskapets sølvmedalje med diplom til Nils Dannemark, Sigdal. Fremtiden 15.7.1966