Nondal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nondal krins er ein skulekrins i Årdal kommune i Sogn.

I Nonsdalen var det omgangsskule på gardane fram til krinsen vart lagt ned 1954-55 og huslydane med born flytte til Farnes.

Skulehus

Det var omgangsskule på ulike gardar i bygda fram til skulen vart lagt ned. Ein av gardane var Andersgarden, som låg omtrent midt i dalen. Skulevegen vart då like lang for dei som budde øvst og nederst i dalen. Stova det vart halde skule i på Andersgarden vart truffe av eit steinras og øydelagt etter at skulen var nedlagt.

Skuledagen

Laila Bolstad minnest at ho og resten av elevane gjekk på skule annankvar veke. Den andre veka var læraren i nabodalen Fardalen.

Skulevegen

Ida Thune gjekk på skulen på Haugstad, øvst i dalen. Det var 500 høgdemeter å gå til skulen.

Laila Bolstad gjekk også på skule på Haugstad, og minnest det var eit stykke å gå. Seinare flytte Laila over til ein annan skule på Andersgarden. For å kome seg til skulen måtte ho gå ned i eit djupt elvegjel og opp att på andre sida.

Lærarar

I den fyrste tida delte Nunsdalen lærarar med krinsame Seimsdal, Tangen og i Øvre Årdal.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Femårsmeldingane for skulane i Sogn og Fjordane. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.31292° N 7.73635° Ø