Nordheim (Fedje gnr 170 bnr 28)
Nordheim | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 170 |
Bnr: | 28 |
Adresse: | Husøyna 16 |
Nordheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Henning Stokholm f. 1947 (gnr 170 bnr 1-18b) d. 2006, fiskar og sjømann, g. 1967 m. Selma Johanna Haugsdal f. 1944 Masfjorden d. 2020 (jf Masfjordb. I s 36). Skøyte 1973 på tomt frådelt Skotholmen gnr 170 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1975. Ekteskapet oppløyst, Selma flytta til Bergen.
Born: a. Sølvi Stokholm f. 1968, kontormedarbeidar, finansrådgjevar, g. 1997 m. Hugh Douglas Shaw f. 1959 Vernon i Canada, busette der i New Westminster, British Columbia. b. Viktor Stokholm f. 1971, fiskeindustriarb., var busett her, flytta til New Westminster. Dei to søskena vart eigarar i 2006.
2. Marie Stokholm f. 1958 (gnr 170 bnr 1-18g), assistent, budde før i Grenda (gnr 168 bnr 216-3), der borna er ført. Skøyte i 2018. Huset vart renovert i 2019.
Nordheim (Fedje gnr 170 bnr 28) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Husøyna 54 (Fedje gnr 168 bnr 500) • Neste bolk: Fjellheim (Fedje gnr 170 bnr 29) |