Nordmørsposten
Nordmørsposten, opphaveleg Romsdalsposten, var ei lokalavis for Nordmøre som vart utgjeve frå Kristiansund. Første utgåve kom i 1876, og den gongen var ho ei venstreavis.
I 1936 fusjonerte avisa med Kristiansundsposten. Lenge var Romsdalsposten den største avisa i Kristiansund, men i 1960 gjekk Tidens Krav forbi.
Då Dagbladet gjekk inn som eigar i 1986 skifta avisa namn til Nordmørsposten. Namnet Romsdalsposten heng saman med det gamle namnet på Møre og Romsdal, Romsdals amt. Totalt brukte Dagbladet kring 20 millionar kroner, då avisa ville konkurrere med A-pressen lokalt. Delar av innhaldet var i samproduksjon med Romsdals Budstikke. Då Dagbladet fekk problem med økonomien mot slutten av 1980-åra tørka støtten inn, og i 1990 vart Nordmørsposten nedlagd.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Nordmørsposten på Digitalt museum.
- Nordmørsposten på KulturNav
Nordmørsposten er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|