Norheimsund
Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Hordaland. Staden har nær 2300 innbyggjarar, og ligg ved riksveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Norheimsund er eit viktig handelssentrum for ytre Hardanger. Med båtsamband til Utne og Odda og bussruter til mellom anna Bergen og Voss er det òg eit viktig trafikknutepunkt.
En stor brann i 1932 la store deler av sentrum i oske. Ein finn ei rekkje funkisbygg der, eit resultat av oppbygginga etter brannen.
I 2000 fekk Norheimsund Tettstedsprisen for arbeidet med sjøfronten, der det mellom anna hadde kome ein ny kaipromenade. I 2013 fekk tettstaden Statens pris for attraktivt sted. Nær tettstaden finn ein òg den namngjetne Steinsdalsfossen.
Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Ein finn òg Thon Hotel Sandven, etablert som Sandven Hotell i 1857 og kjøpt opp av Olav Thon i 2011.
- Steinsdalsfossen med gangvegen på baksida.Foto: Leif-Harald Ruud (2022)
Litteratur og kjelder
- Nordheimsund på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016..