Norsk klippfiskmuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Norsk Klippfiskmuseum»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Milnbrygga som rommar Norsk Klippfiskmuseum i Kristiansund.
Foto: Harald Oppedal

Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjennom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.

Kleppfisk, kjøtside og skinnside.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Her har det vorte produsert kleppfisk sidan føre 1749, da den skotske kleppfiskkjøpmannen William Gordon reiste dei eldste delene av bryggja. Bygninga fekk namn etter ein seinare eigar, også han ein av dei skotske kleppfiskkjøpmennene, Walter Miln.

Milnbrygga er ei sjøbu bygd i lafta tømmer og med store svalgangar på langs. På Nordmøre, i Trøndelag og nordover tyder bryggje ei sjøbu som står plassert i landskapet slik at ho har direkte tilflot — det vil seie at båtar og fartøy kan leggast rett inntil bygninga slik at lasting og lossing skjer direkte mellom bygning og båt.

Litteratur

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Norsk klippfiskmuseum» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.


Koordinater: 63.1091185° N 7.7288913° Ø