Notaset
Notaset er nemninga på eit område nær land der sjøbotnen er rein nok til at ein kan drage fram landnot. Notakast kan i mange høve tyde det same, men er ei eldre nemning.
Dette med setjing eller kasting heng nok mest saman med korleis du får nota ut av båten. Uttrykka skiftar med kva uttrykk du har lært heime og ikkje minst kva dialekt du seier ting på (tenk berre på kor meiningslaust ting og namn kunne verte til slutt på «alvemål»/halvemål oppover Vestlandet og der det ellers forekom). Ein kjem heller ikkje utanom to omgrep; «fljøt»/flyteelementet og «sekkje»/søkke, stein eller blylodd, ved forklaring korleis ei not går ut av ein båt. «Fljøt» vart brukt som samleomgrep på alt som flyt og «sekkje» er sammleomgrep for det som sekk.
Nyaste nylon-nøtene som har flyteline og nylonkork til «fljøt»/flyteelement og sekkjeline eller glatte lodd på grunnen/botnlina kan setjast enkelt og greit ut av båten. Denne reiskapen glir greit utan plunder og heft.
Mellomgenerasjon nøter hadde større kork og blåser til «fljøt». Så bomullsnot med sekkjeband og sekkjestein (sekkjesteinen kunne vere støypt betongstein eller passeleg stein du fann i fjøra)på grunnen/botnlina. For dei som hengde nota til tørk med handemakt tok du av steinen når du hengde og sette den under att når du tok nota i båt.
Eldste generasjon not ein veit om hadde tredobl (her til dømes halv meter lang og ti cm tjukk trestokk) og nokre mindre trestykke (hugsar ikkje kva desse heiter) på kavlen/flytelina til «fljøt». Så hampenot. På grunnen/botnlina sekkjeband og sekkjestein frå fjøra/strandkanten.
Ved setjing med gamal not måtte der vere minst to i båten som rodde. Så måtte der vere to som kasta når nota gjekk ut. Desse kasta dobla (båten såg ut som den hadde eit mål ved ombord, sa dei gamle). Nota var tung og stiv og måtte dragast/kastast bakover og ut av båten. Sekkjesteinen måtte kastast ut når grunnen/botnlina stramma for neste steinband.
Når nota skulle fram (som dei sa), dragast i båten att eller fram i fjøra vart omgrepet «varp» brukt. Ein gjorde fast i eit «varpefeste», eit tre, ein stein eller ein nedsett «varpebolt» eller «varpering». Så drog ein «varppeline» og etterpå not med handemakt eller «varpespel» (spjakespel eller sveivespel). Fekk ein mykje fisk hadde ein gjort eit «storvarp».
Døme på oversyn over slike notaset i Austefjorden i Volda.