Nykås pensjonat

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Nykås i Rauland. Her vart det drive pensjonat frå 1938.
Foto: Johs. Sætherskar (red.), Det norske næringsliv; 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen 1949.

Nykås pensjonat låg på garden Nykås i Rauland, Vinje kommune. Pensjonatet vart starta av Tove Nykås i 1938. Det tok i mot faste og gjennomreisande gjester og hadde 25 sengeplassar. I 1949 skriv Johs. Sætherskar at pensjonatet var innreidd med peisestove, solveranda, sanitæranlegg og telefon, samstundes som "brødrene Nykås" vert oppført som innehavarar av verksemda.[1]

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 862.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.