Olaus Høydal
Olaus Høydal (fødd 25. mars 1913 - død 14. mai 2003) var lærar og forfattar. Han voks opp på Ånåskosi i Langlim i Seljord, saman med sju sysken, deriblant forfattaren Aslaug Høydal.
Høydal arbeidde som lærar både i grunnskule og folkehøgskole. Han skreiv om lag 30 bøker utgitt på forskjellige forlag. Desse spenner seg frå barnebøker og romaner til skodespel og avhandlingar. Dessutan skreiv han eigen sjølvbiografi.
| Det har vore viktig for meg å skrive. Det har vore for lite å vera berre lærar. Det var så mange tankar ein gjekk med og så mange emne ein interesserte seg for. Så eg fekk lyst til å skrive. Det dukka opp i tanken eit emne eg gjekk og grubla på og utvikla i tankane. Når det var gjort, sette eg med ned for å skrive. Då eg fyrst hadde hovudtrekka klare, så kom detaljane og alt det andre til under skrivinga.[1] | ||
I 1995 fekk Olaus Høydal Heddal og Notodden Mållag sin målpris for god bruk av nynorsk.
Bibliografi
- Høydal, Olaus: Gutane i Ramnåsheia, 1942
- Høydal, Olaus: Rypefangarane i Rustfjell, 1946
- Høydal, Olaus: Nord i Vårbuli, 1947
- Høydal, Olaus: Villstyring, 1948
- Høydal, Olaus: Helteliv, 1953
- Høydal, Olaus: Gap og gjøn, 1954
- Høydal, Olaus: Frå ungdomsliv til ekteskap, 1955
- Høydal, Olaus: Sumaren på Bjånes, 1957
- Høydal, Olaus: Buddhismen, 1963
- Høydal, Olaus: Erling rømmer heim, 1964
- Høydal, Olaus: Guds skodespelarar, 1965
- Høydal, Olaus: Nautkollen ler, 1966
- Høydal, Olaus: Frode på Færøy-ferd, 1967
- Høydal, Olaus: Kjellaug, 1967
- Høydal, Olaus: Steborn, 1969
- Høydal, Olaus: Berget opnar seg, 1972
- Høydal, Olaus: Murane, 1973
- Høydal, Olaus: Narresmokken, 1974
- Høydal, Olaus: Teater Mystica, 1975
- Høydal, Olaus: Det store UH, 1976
- Høydal, Olaus: Grodd av jord, 1978
- Høydal, Olaus: Steinar for brød, 1981
- Høydal, Olaus: Med sveitten i andletet, 1985
- Høydal, Olaus: Trollbu-brev. Utg. O. Høydal. 1993. 52 s. ISBN8299133114. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Høydal, Olaus: Tussane i Tårenut, 1999
Kjelder
- Lenke til biografi på Telemarksportalen.
Referansar
- ↑ Lurås, Ragnar, "I den danske dronninga si seng", i "Jol i Telemark", 1999.