Aslaug Høydal
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.
Bakgrunn
Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.
Utdanning og lærargjerning
Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim.
Forfattarskapet
Den litterære produksjonen hennar er svært omfattande, meir enn 50 bøker i løpet av ein femtiårsperiode. Debuten var barneboka Born og bøling, som kom i 1950. Forfattarskapet omfattar romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.
Mest kjend vart ho nok for romanen Dyr last (1963), som var ein tendensroman med kvass brodd mot den linjedelte ungdomsskulen, og som vakte ein omfattande debatt om den nye grunnskuleordninga som var basert på ei viss sentralisering av skuletilbodet. Også fleire andre romanar og andre bøker kan oppfattast som innlegg i ein pågåande samfunnsdebatt.
Bibliografi (utval)
- Born og bøling (barnebok, 1950)
- Dyr last (roman, 1963)
- Bak berg og blåne (barnebok, 1965)
- Tårer i sand (roman, 1969)
- I skotlina (noveller, 1970)
- Heile klassa i sving (barnebok, 1970)
- Brest i såldet (roman, 1973)
- Alt som ventar (dikt, 1973)
- I gryet gror dagen (roman, 1974)
- Frå Lakkegata til Foldingbro (noveller, 1975)
- Høyra livet til (roman, 1976)
- Løyndebru (roman, 1977)
- Hønemor og dei tolv små kjuklingane (biletbok, 1984) illustrert av Solveig Muren Sanden
- Frå Beerseba til Susanborg (roman, 1985)
- Skjelv i vindovne skogar (dikt, 1986)
- Dei utstøytte frå Israels hus (roman, 1987)
- Vind og Veris (roman, 1988)
- Lektor Ramberg (roman, 1993)
Arkiv
Ei rekkje manuskript frå Aslaug Høydal sitt forfattarskap er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.
Kjelder og litteratur
- Artikkel om Høydal Store norske leksikon
- Artikkel om Høydal på nettstaden Ord om Fjell
- Artikkel om Høydal i Norske skolefolk, Dreyer 1964
- Gotehus, Einar: Pedagogiske og psykologiske problem i Aslaug Høydals skuleromanar. Hovedoppgåve i norsk til historisk-filosofisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, våren 1976.
- Høydal, Aslaug: Myllarlasset kjem frå Seljord. Årbok for Telemark 1997, s. 81-85. Utg. Telemark mållag.
- Høydal, Aslaug: Skreddar Anne T. Høydal frå Langlim - slik ei dotter minnest henne. Årbok for Telemark 1998, s. 85-90. Utg. Telemark mållag.
- Skoje, Leif: Aslaug Høydals liv og forfattarskap. Årbok for Telemark 1983, S. 9-35. Utg. Telemark mållag.