Olav Gullik Bø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Gullik Bø (fødd 6. mai 1931 i Vestre Slidre kommune), er forfattar og lærar.

Olav Gullik Bø er fødd i Vestre Slidre, oppvaksen i Vang i Valdres og har budd mesteparten av livet sitt på Fagernes.

Han gjekk på lærarskule og var lærar i Oslo i nokre år før han studerte norsk og engelsk ved Universitetet i Oslo. Seinare har han arbeidd som adjunkt ved Valdres gymnas og Nord-Aurdal ungdomsskole.

I åra 1981-85 var han leiar i Nord-Aurdal Mållag. Han har òg vore leiar i Valdres Mållag.

Olav Gullik Bøs forfattarskap spenner over både lyrikk, drama og sakprosa og han har alltid vore oppteken av nynorsken som skriveform.

Som diktar debuterte han i 1986 med Solstrå, vers og viser.

Bø har gitt ut tre diktsamlingar med petitdikt og to stevsamlingar og dessutan sju spel som har vore framførte ulike stader i Valdres. Det nyaste spelet, Riddarspranget, vart sett opp på Beitostølen sommaren 2018 og er tenkt som eit årvisst spel. Både dikta og steva hentar motiv frå dagleglivet og har ofte ein humoristisk snert.

I tillegg har Bø skrive mange stev og dikt til avisa Valdres under pseudonymet «OL-gull». Som lærar har han vore oppteken av at elevane skulle få kjennskap til valdresforfattarar og lokalsamfunnet i det heile. Han har difor laga ei studieutgåve, eller skuleutgåve, av Knut Hauges bøker om Ulfsætta, ei litteraturhistorie frå Valdres og to antologier med valdreslitteratur.

I 2019, 87 år gamal, fekk han Målprisen til Valdres Mållag.

Bibliografi

  • Dei løynde kjeldene. Skjønnlitteratur frå Valdres. Litteraturhistorie. Saman med Signe Nes Håre. 1979.
  • Oskeladd under Grindafjell: eventyret om Andris Eivindsson Vang. 1980.
  • Solstrå: salmer/sanger/viser. Dreyer, 1986.
  • Kjærteikn. Lyrikk. Dreyer, 1988.
  • Skule/studieutgåve over Knut Hauges hovudverk «Sagaen om Ulfsætta», to bind. Sakprosa. 1992.
  • Leslie Ayres: Hjerteslag under stjerner, gjendiktning. 1992.
  • Arvegull (red.) Andris Vang og livsverket hans. 1995.
  • Kastevind.Lyrikk. Valdres forlag, 1995.
  • Makt og mannetekke: spelet om Dorothea Ancher. Dramatikk. Vang Sanglag, 1999.
  • Kongens kvinne: spelet om kong Harald og Gyda. Dramatikk. Høre ungdomslag, 2001.
  • Vinjespelet: om Aasmund Olavsson og Eidsbugarden. Dramatikk. 2002.
  • Stevleik i skjemt og alvor. Kvitvella forlag, 2006.
  • Stemninger av Tormod Brufladt, med dikt av Olav Gullik Bø. Alfa forlag, 2010.
  • Pekka. Einakter bygd på ei bok av Knut Hauge. Dramatikk. Kvitvella forlag, 2011.
  • OL-gull på kanten. 2014.
  • Riddarspranget: spelet om Sigvat og «Skårvangssola». Kvitvella forlag, 2016.


Kjelder

Prisar

  • Målprisen til Valdres Mållag 2019.

Sjå også