Oldedalen feavlslag

Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Oldedalen feavlslag

Skiping og første år

Feavlslaga vart skipa i 1925. Dei sette opp lovar for laget, og formålsparagrafen (§1) var slik: ”Oldedalens feavlslag er et paa aktier uansvarligt lag, som har til fyremaal aa fremja feavlen av rein fjordrase ved innkjøp og udstationering av typiske og gode avlsdyr.”

Like etter lovane for feavlslaget fann eg denne lista: ”Namn paa Lagslemorne: Fredrik Kvame, Kolben Kvame, Markus Kvame, Jørgen Kvame, Johan J. Kvame, Jakob Aaberg, Knut Høgalmen, Kristen Høgalmen, Rasmus Høgalmen, Elling Møkløen.” I det første styret sat K. Kvame, E. Møkløen og Jakob Aaberg.

Laget gjekk snart til innkjøp av ein okse. Namnet vart Svein. Tanken var at oksen skulle utstasjonerast hos eit av medlemmene kvar vinter. Om sommaren gjekk oksen på beite.

Oksen forast på ulike gardar

I 1928/29 stod oksen på båsen hos Johan Kvamme. Han fekk 280.- kroner for dette. Johan hadde oksen i 199/30 og 1930/31 óg. Han fekk 230.- og 220.- kroner for dette. Jakob J. Kvamme fortel at dei unge på bruket ikkje lika den svære, fårlege oksen. Det var berre Johan og systera Andrine som klårte å rå med oksen. Ein gong fekk oksen rispa opp ein bukk så dei kunne sjå lunga gjennom ribbeina. Men bukken vart sydd saman igjen!

I 1930 vedtek dei at det koster 2,50 for aksjonærar og 3,50 for andre å bruke oksen.

På årsmøtet i 1933 vedtek dei at den som fórer oksen skulle vere kasserar i laget.

I protokollen finn eg [kven er eg?] desse namna på oksar: Svein, Lavrand, Sæmund, Gråplom og Aarestad (?).

Vanskar og nyskiping

Men feavlslaget fekk vanskar! I 1933 slo Lavrand seg i hel i hamnen, og laget måtte kjøpe ein ny okse. Dei fekk fatt i ein okse som hadde namnet Sæmund. Men Sæmund slo seg i hel i hamnen, han og!

I 1937 valde dei dette styret: Johan Kvame, Fredrik Kvame og Nils Høgalmen. Johan Kvame vart vald som formann.

Men av ein eller annan grunn vart drifta av laget vanskeleg, og snart låg drifta nede. Men i romjula 1942 nyskipa dei laget. I det nye styret sat Rasmus Aaberg (formann), Arne Myklebust (kassestyrar) og Nils Høgalmen.

Krigsår

Eit krigsår gjekk oksen på beite lengre ute i fjorden. Men då dei skulle sjå etter han var han borte. Dei fann ingen spor etter han. Då krigen var over fekk dei høyre at heimestyrkane hadde slakta han!

Til slutt

Det er ikkje rekneskapsnoteringar etter 1975.

20. august 1974 skriv formann Olav Kvame og kasserer Jakob Kvamme i rekneskapsboka at kassasummen - kr 1729,97 - overførast til Oldedalen ensileringslag.