Olden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Olden.
Foto: Marthinius Skøien (1880–1910).

Olden er ein tettstad med nær 500 innbyggjarar (2018) inst i Nordfjord i Stryn kommune. Fjorden delar seg i to bukter, og Olden ligg inst i Oldebukta som svinger sørover; mot nord ligg Lobukta og Loen. Oldeelva rett ut i bukta ved Olden. Sentrum og det meste av busetninga er på austsida av bukta. Ved brua over Oldeelva ligg Olden gamle kyrkja.

Fylkesveg 60 går gjennom Olden. Mange turister kjem dit med cruiseskip; i 2017 var det heile 92 slike anløp. Eit viktig turistmål ein kjem til via Olden er Briksdalsbreen i Oldedalen. I sentrum finn ein kafe, daglegvarehandel, konfeksjonshandel og Olden Fjordhotel. Ved Oldevatnet er det fleire campingplassar. Heilt fram til 2005 vart turistar frakta med hestekjerre til breen, men no nyttar ein i staden spesialbygde bilar. I Oldedalen finn ein Singerheimen, bustaden til William Henry Singer jr, som no er museum. Det er òg ein del fisketurisme til Oldeelva, som frå Laukifossen til fjorden er ei god lakseelv.

Mineralvatnet Olden er henta frå Blåfjellskjelda i Oldedalen.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 61.8328° N 6.8080389° Ø