Ole E. Krokmogen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole E. Krokmogen på 80-årsdagen (Niri Vangestad).

Ole E. Krokmogen (fødd 31. juli 1871 i Flesberg i Numedal, død 1962) blei kalla Numedalsdiktaren.

Oppvekst

Han voks opp i heller små kår som den eldste av sju sysken. Ole måtte derfor tidleg lære å hjelpe seg sjøl. Om vinteren var det å vera med i skogen, og om sommaren var det gjeting. Faren, Eivind Eivindson Krokmogen, var postførar for ruta Kongsberg–Uvdal. Ole fekk såleis lett tilgang til lesestoff. Skulegongen blei det heller lite med. Dei trong han heime, og den gongen var det ikkje så farleg om ungane til fattigfolk var borte nokre dagar av og til. Alt med han sat på skulebenken tok han til å laga små vers. Da amtsskulen kom til Vangestad i 1884, vart det retteleg fart i lesinga. Lærarane der blei merksame på lesehugen til guten, og dei lånte han bøker i fleng. Han heldt fram med å laga vers.

Arbeid og familieliv

Tidene var tronge, og som så mange andre reiste han til Amerika. Han var der to gonger, men kom heim for godt før århundreskiftet. I 1900 flutte familien til Søre Neset, og der budde Ole all sin dag sidan. Han gifta seg i 1905 med Marit Olsdotter Haukelieie. Dei fekk ni barn, sju voks opp. Han blei nå landpostbod Kongsberg–Jondalen–Bolkesjø. Det var nok ein hard tur, og i tillegg gikk han som regel heim til Flesberg to gonger i veka. Dette heldt han på med i to år. Seinare hadde han pliktarbeid på Nord-Vangestad, og elles arbeidde han rundt på andre gardar. Det var helst vedhogst og tømmerhogst. Heilt til sine siste leveår var han å sjå i vedhaugen heime hos seg sjølv. Ole Krokmogen var ein tru arbeidsmann all sin dag. Det kunne nok jamt røyne på å skaffe mat og klede til den store huslyden, men aldri høyrde nokon han klaga.

Numedalsdiktaren

Av dikta hans finn ein mykje spreidd i aviser og blad gjennom tida. Numedal fylkeslag ga ut eit hefte med dikt og songar i 1943. Elles er nok mykje kommi vekk. Han skreiv ofte på papirposar og gamle aviser. Diktinga hans skal eg ikkje komma noko inn på, berre nemne at han skreiv gjerne om personar, jubilé og gravferder. Elles var det gjerne naturstemningar, tankar om livet, kjærleik til jorda, bygda og folka i dalen dikta hans handlar om. Han skreiv også mange prosastykke i avisene.

Krokmogen var på mange vis ein original. Men det glømte ein når ein kom i prat med han. Det var tankar om religion, politikk og mangt anna han kom med. Han hadde eit uvanleg godt minne og kunne mellom anna sitere andre diktarar i fleng. Han var eit kjenslevart menneske og hadde vanskar med å tilpasse seg det dogme- og tradisjonsbundne samfunnet vårt. Og materielle gode var han ikkje interessert i. Krokmogen døydde i 1962, 92 år gammal.

Diktet her sto i Kongsberg Dagblad 1.april 1958:

Min dal – du fagre Numedal!
Minne frå ungdomsårii

Min dal, du fagre Numedal
Der vinden leikar lun og sval –
og gauken gjeler burt i li –
her er det vent um sumarstid.

Min dal, du fagre Numedal
skin som ein pynta bruresal -
når snøen glitrar kvit og rein
og gjømer tuvur, busk og stein.

Min dal, du fagre Numedal
du er så stor og vid ein hall -
ei kyrkje stor med kuppel blå
når soli blenkjer til og frå.

Min dal, du fagre Numedal
der Lågen renn med stryk og fall,
men og med ”lågjer” stil og fin
mest som ei jentas dansetrinn.

Min dal, du fagre Numedal
du er slett ikkje trong og smal.
Nei, stor og vid imillom fjell
der soli rodar seint um kveld.

Min dal, du gamle Numedal
her song dei mang ein lystig trall -
og feleljom på skyttarhus
der dansen gjekk i sus og dus.

Min dal, du gamle Numedal
med alt av strev og slit og bal -
men allting gjekk med song og leik
so folke fekk sin livsens kveik.

Flesberg i mars 1958. K-n

Kjelder og litteratur