Ole Myklemyr
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ole Myklemyr (fødd kring 1556, død kring 1642) var gardbrukar på Myklemyr i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Det er uvisst både når han vart fødd og kvar han kom ifrå, men han var kanskje ein av pionérane i Jostedalen under nyryddinga sist på 1500-talet. Det er truleg denne "Olluff Neder Mycklemyr" som er nemnd i presteskattelista frå 1596, det fyrste dokumentet der Jostedalen er nemnd etter øydetida.[1]
I jordebøkene frå 1612 og 1613, knekteskattlista 1611-13 og landskattlista 1613 er "Oluff Myckelmyr" nemnd som lensmann i Jostedalen. Både før 1611 og frå 1614 att hadde Knut Åsen embetet.
Det er ikkje kjent om han var gift eller hadde born.
Notar
- ↑ Skattelista 1596, Jostedal historielag
Kjelder og litteratur
- Lensrekneskapar for Bergenhus til ca 1629 - ymse futerekneskapar, skattelister og jordebøker for Sogn (Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 29. (Digital utgåve, NBdigital)
- Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)