Opplysningstida

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Opplysningstida er et samleomgrep for ei intellektuell rørsle i Europa1700-talet, og særleg mellom den engelske revolusjonen i 1688 og den franske revolusjonen i 1789. Ein definerer gjerne denne rørsla som verdsleg og systemkritisk, og i den meste snevre definisjonen er det berre i Frankrike at opplysningstida verkeleg var eit fenomen. I ein meir pragmatisk definisjon finner vi att opplysningstida òg i Danmark-Noreg, men her var rørsla korkje verdsleg eller opposisjonell, men i staden prega av prestar som danna nettverk for innsamling og formidling av kunnskap. Medan fornuft og vitskap stod i opposisjon til religion i Frankrike, var det her i landet ei foreining mellom dei to.

Ein av dei første i Danmark-Noreg som var tydeleg prega av opplysningstida var Ludvig Holberg. Bland andre sentrale personar i Noreg kan ein trekke fram biskopane Erik Pontoppidan d.y. og Johan Ernst Gunnerus og historikarane Peter Fredrik Suhm og Gerhard Schøning. Dei skipa Det Throndhjemske Selskab i 1760, og i 1767 vart dette til Det kongelige Norske Videnskabers Selskab. Mange sokneprestar var aktive med å opplyse sine soknebarn, og ein fekk mellom anna dei såkalla potetprestane i denne perioden.

òg staten såg nytta av å samle inn og spreie kunnskap, og ein kan sjå på Dei 43 spørsmål frå 1743 som eit utslag av dette. Det var òg ein rekke konkurransar med støtte frå kongen for å fremje mellom anna betre metodar i landbruket.

Eit hinder for opplysningstida i Danmark-Noreg var mangelen på trykkefridom. Den dansk-norske litteraturen frå perioden var difor i liten grad kritisk, og i staden vart det produsert eit stort antal naturvitskaplege, topografiske og historiske verk. Eneveldet skulle ikkje erstattast, slik det vart i Frankrike, men gjerast betre gjennom vitskap og fornuft.

Grunnlova frå 1814 reknast i stor grad som eit resultat av opplysningstida sine ideal.

I byrjinga av 1800-talet kom romantikken som ein motreaksjon mot opplysningstida si vektlegging av fornuft framfor kjensler og fantasi.

Litteratur