Opprop for Blix-salmane frå prestane i Sogn 1900
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dei fleste prestane i Sogn slutta seg på nyåret 1900 til eit opprop for å ta i bruk Nokre Salmar av Elias Blix. Oppropet kom i stand etter initiativ frå lærarane A. B. Vamraak, Vilhelm Flugeim og Hermund Refsdal.
Året før hadde 67 personar i Sogn skrive under eit opprop med oppmoding om å ta i bruk Blix-salmane.
Preste-oppropet lydde slik:
- «Undertegnede prester der anser professor Blix’s salmer for et tillæg til vor salmeskat av betydeligt værd, vilde stille sig imøtekommende til arbeidet for deres indførelse i menighederne også til kirkeligt brug, saasnart ønske derom fremkommer, og indførelsen kan ske på lovlig maade.»
Følgjande prestar skreiv:
Namn | Embete |
---|---|
H. U. Sverdrup | sokneprest i Balestrand og prost i Ytre Sogn |
S. B. Hersleb Walnum | sokneprest i Vik |
Verner Oftedal | sokneprest i Lavik |
K. M. Ihle | sokneprest i Hyllestad |
O. K. Ottesen | sokneprest i Gulen |
Gregor Barmann | sokneprest i Solund |
N. Chr. Brøgger | sokneprest i Hafslo og prost i Indre Sogn |
A. Halvorsen | sokneprest i Luster |
Th. J. Børresen | sokneprest i Jostedal |
S. Sandved | sokneprest i Årdal |
Joh. Ludv. Arnesen | sokneprest i Lærdal og prost i Midtre Sogn |
E. P. Juul | sokneprest i Aurland |
I dei tre prostia Ytre, Midtre og Indre Sogn manglar berre sokneprestane i Sogndal og Leikanger. Lothe nemner òg at sokneprest Brøgger i Hafslo «var nok ingen målmann», og han ville ikkje sjølv ta i bruk Blix-salmane. Likevel var det ikkje vanleg i 1900 at prestane jamt over såg med så blide augo på Blix-salmane som prestane i Sogn.
Kjelde
- Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 391 (Digital utgåve, NBdigital)
Opprop for Blix-salmane frå prestane i Sogn 1900 er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |