Otto Hjellegjerde
Otto Hjellegjerde (fødd 21. juni 1917 på garden Hjelle i Sykkylven, død 1. januar 1997) var med på å etablere møbelbedrifta Hjellegjerde i 1941. Faren, Ole, dreiv med måling og båttransport, og si første yrkesrøynsle fekk Otto som hjelpegut hos faren. Etter at han var konfirmert, tok han til ved Tynes Møbelfabrikk, der han fekk allsidig innføring i dei forskjellige sidene i møbelproduksjonen. Eitt år ved Lunheim Møbelfabrikk i Ullavika vart det også før han i 1941 realiserte draumen om å starte eiga verksemd.
Starten var trang, og familien sitt nybygde stovehus måtte gjere nytte som fabrikk dei første åra. Produksjonen var elles spreidd rundt i kjellarlokale i nærleiken. Det var difor stort då dei kunne ta i bruk nytt fabrikkbygg på 350 kvm i ei høgd ved strandlinja på Fauske i 1946. Då visste Otto, og dei to brørne hans, Mindor og Ingvald, lite om den veksten som i åra framover skulle prege Hjellegjerdes Lenestolfabrikk.
Otto og brørne hans var mellom dei første møbelprodusentane som tok i bruk dei nye plaststoppmaterialane då dei kom i femtiåra. Hjellegjerde-karane vurderte også seriøst å hente heim plastproduksjonsutstyr frå utlandet då slikt enno knapt var kjent her i landet. Dei var mellom dei første til å prøve ut laminatmaterialar i møbelmodellane sine. Dette i ei tid då ei rekkje av dei mindre møbelprodusentane som etablerte seg på same tid som Hjellegjerde-brørne la ned drifta. Eigenskapane til Otto Hjellegjerde, og det samspelet som var mellom han og brørne og dei andre medarbeidarane i fabrikken, var det som skulle til for å plassere denne sykkylvsbedrifta i møbel-Noreg sin elitedivisjon.
Fabrikkdrifta tok det meste av tida til Otto Hjellegjerde, men han hadde mange andre interesser. I unge år spela han i musikklaget Lurlåt, og han var også ein dugande skihoppar. I 1939 var han nær ved å kvalifisere seg til deltaking i Holmenkollrennet. Seinare utdanna han seg til hoppdommar, og som forbundsdommar i hopp var han med i juryen under eit Holmenkollrenn. I Sykkylven engasjerte han seg på anleggsida både innan hoppsporten og elles i Sykkylven Idrottslag. Han var soleis med i både byggjenemnda og finansgruppa då Storhallen vart bygt.
Etter krigsutbrotet i 1940, var Hjellegjerde med i kampane mot tyske fallskjermjegarar på Dombås. For krigsdeltakinga fekk han seinare medalje.
Otto Hjellegjerde fekk dei siste åra han levde mykje heider for innsatsen sin som møbelpioner og samfunnsmenneske. I 1991 fekk han den første innsatsprisen til Sykkylven Næringsutvikling. I 1997 fekk han både Kongens fortenestemedalje i gull og æresprisen til Møregruppa. Før helsa svikta heilt fekk han gleda av å møte kong Harald på Slottet i Oslo for å takke for gullmedaljen.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket
- «Otto fyller 70 år.» Sykkylvsbladet 1987.06.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.