P.J. Andestad Trævarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

P.J. Andestad Trævarefabrikk var ein trevareprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1929. Initiativtakaren, Petter J. Andestad, kjøpte i 1928 ei tomt ved strandlinja på Aure for 672 kroner. Han fylte ut tomta og bygde trevarefabrikk i 1929.

Produksjonen ved Andestad sin trevarefabrikk var variert. Første tida gjekk det mest på vindauge og dører, men dei laga også møbler, til dømes soveromsmøbler. Frå 1931-32 vart det laga ein del treverk til møbelfabrikker i bygda. Bedrifta hadde då frå 8-14 tilsette.

P.J. Andestad tok tidleg til med trelasthandel, og det var som trelasthandlar han sidan markerte seg i bygda. I 1945 etablerte han seg med trelastforretning i Ullavika.

I 1935 leigde Andestad bort bygget på Aure til AS Vest-Norske Møbelfabrikk. I 1936, etter at dei hadde flytta til Ørsta, vart huset selt til Klocks Lenestolfabrikk.

Kjelde