Peder Blix

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Blix (fødd 12. mai 1866 i Stavanger, død 1938 i Vestre Aker). Han var son til cand.theol. Ole Blix og Wilhelmine Calmeyer. Han gifta seg i 1894 med Hanne Urbye (1866–1949) frå Halden. Peder Blix er særleg kjent som skulemann og rektor på Voss offentlege landsgymnas (1916–31). Ekteparet Blix er gravlagde på Vestre gravlund.

Peder Blix voks opp i Stavanger og gjekk på skular der. I skuleåra og ungdomstida var han mykje i lag med Sigbjørn Obstfelder. Dei vart båe studentar i 1884. Mange år seinare, i 1936, heldt Blix eit radioføredrag om Obstfelder. Føredraget kom i bokform.

Han studerte filologi (tysk og norsk) og vart cand.mag. i 1890. Han var overlærar og rektor på skular i Larvik og Kristiania før han i 1914 fekk stilling ved Oslo katedralskole.

Da Voss offentlege landsgymnas vart skipa i 1916, vart Peder Blix tilsett som rektor og fekk med det den viktige oppgåva å byggje opp det fyrste landsgymnaset i landet.

65 år gamal, i 1931, søkte Blix avskil, og familien flytte til Vestre Aker. Han var ein ivrig turgåar og ferdast mykje i Nordmarka. Særleg var han oppteken av Nordmarkas historie, og fleire artiklar om plassar og setrar der kom frå hans hand.

Bibliografi (utval)

  • Voss landsgymnas. I: Norsk pedagogisk tidsskrift. 1920.
  • Landsgymnasi. I: Tidskifte. Red. E. Boyesen og F. Chr. Wildhagen. 1927.
  • Setrar og skogar kring Oslo. I: Syn og Segn. 1936.
  • Sigbjørn Obstfelder. I: Mennesker jeg møtte : tolv radioforedrag. 1936.
  • Begrepet almenning – setrer, bruk og plasser i Nordmarka. I: Oslomarka. III. 1939.
  • Gårdsskogene i Vestre Aker. I: Oslomarka. III. 1939.
  • Setrer og plasser i Nordmarka – alfabetisk ordnet. I: Oslomarka. III. 1939.

Kjelder og litteratur